9月17号是什么星座的
XML (eXtensible Markup Language) er ein m?te ? strukturere tekst p?, ved ? definere kva ulike delar av teksten er, ved ? nytte tekstkoding eller markeringskodar kalla taggar. XML er tilr?dd av W3C som standard for merking av tekst. Det er ein enkel, men sv?rt fleksibel og utbreidd standard.
Opphavleg var det tenkt brukt for ulike former for elektronisk publisering. Etter XML vart introdusert i 1998, har det vekt stor interesse. Det har vorte ein etablert standard for utveksling av data p? Internett. Dei seinare ?ra har det blitt det sentrale spr?ket for kommunikasjon i s?kalla B2B-applikasjonar (business-to-business), applikasjonar som talar ulike spr?k internt – men har eit felles spr?k seg imellom: XML.
Kort om XML
[endre | endre wikiteksten]XML blir ofte kalla semantisk markeringsspr?k, i og med at element blir markert etter kva dei er og ikkje etter korleis dei skal sj? ut. Der den grafiske datarevolusjonen gav oss WYSIWYG (det du ser er det du f?r), er XML-slagordet ?det du ser er det det er?. I teksthandsamingsformat (eller i wikiformat) bruker vi taggar som <italics>, <bold> og liknande, t.d. viss vi vil forklare ein term eller seie at noko er viktig. Datamaskina vil forst? dette, og vise teksten slik vi vil han skal sj? ut. Men i XML fortel vi heller kva noko er. For ? forklare ein term som t.d. fonasjon skriv vi t.d. <term>fonasjon</term>. Viss vi vil at alle termar skal skrivast i halvfeite typar seier vi det ein annan stad. P? denne m?ten er det lett ? s?ke etter termar (eller kva det m?tte vere) i ein database.
XML set ingen grenser for kva element ein kan bruke. Dette i motsetnad til HTML og XHTML som er ?ferdige? markeringsspr?k laga for et gitt f?rem?l: Publisering av tekst m.m. p? verdsveven.
XML er ei enklare utg?ve av SGML. Et viktig m?l er ? gjere utveksling av informasjon over Internett lettare. Dokument basert p? XML (til d?mes gjennom formata RDF, RSS, MathML, XSIL og SVG) er alle skildra p? ein formell m?te som gjer det mogleg ? validere at strukturen er korrekt og at innhaldet har korrekt format.
Styrkar og svakheiter
[endre | endre wikiteksten]Det som gjer XML spesielt veleigna for datautveksling, er:
- Formatet er b?de menneskelesbart og maskinlesbart.
- Det nyttar teiknsettet Unicode, som representerer alle kjende noverande og historiske teiknsystem.
- Det er eigna til ? representere generelle datastrukturar slik som databaseskjema, lister og trestrukturar.
- Formatet er sj?lvdokumenterande.
- Det har ein streng syntaks som gjer data enkle ? tolke for eit program.
XML vert ogs? ofte brukt til dokumentlagring og prosessering, b?de over nett og lokalt. F?remonar med XML er her:
- Eit robust, logisk verifiserbart format basert p? internasjonale, opne standardar.
- Hierarkisk struktur godt eigna for dei fleste (men ikkje alle) typar dokument.
- XML-dokument er tekstfiler.
- Plattformuavhengig.
- Markeringsspr?k har vore i bruk sidan 1980-talet (SGML) og har st?tte i ei stor mengd programvare.
Formatet har i nokre samanhengar nokre bakdelar:
- XML-syntaks er plasskrevjande
- Modellering av overlappande (ikkje-hierarkiske) datastrukturar blir ikkje optimal.
- Mapping av XML til objektorienterte eller relasjons-paradigmar kan vere komplisert.
- Det er ikkje mogleg ? bruke dei s?rnorske bokstavane ?, ? og ? i element- eller attributtnamn (i versjon 1.0).
Syntaksreglar for XML
[endre | endre wikiteksten]Eit XML-dokument er normalt ei tekstfil med ei Unicode-basert teiknkoding som UTF-8, UTF-16 eller ISO 8859-1.
Til skilnad fr? t.d. HTML m? XML ha korrekt struktur og innhald for ? bli handtert korrekt.. For at eit dokument skal bli rekna for ?velforma? (W3C Recommendation XML 1.0 (Third Edition)), m? det som minimum oppfylle f?lgjande:
- Det m? ha eitt og berre eitt rotelement.
- Ikkje-tomme element kan berre vere ein starttagg og ein sluttagg. Tomme element kan merkast med ein lukka tagg.
- Alle attributtverdiar m? settast i hermeteikn (anten eit enkelt, rett hermeteikn (
'
) eller eit dobbelt, rett hermeteikn ("
)). Ein attributtverdi m? byrja og avslutta med same type hermeteikn. Den typen hermeteikn som blir brukt til ? omslutte attributtverdien kan brukast som ein del av attributtverdien. - Element kan innehalde andre element, men ikkje overlappe kvarandre.
- Det er skilnad p? store og sm? bokstaver i elementnamn. Til d?mes er
<Eksempel>
og</Eksempel>
eit velforma par, medan<Eksempel>
og</eksempel>
ikkje er det.
Gode val av elementnamn gjer at ein kan byggje inn semantikk (meining) i data som ein del av strukturen. Dette gjer at XML-dokument lettere blir forst?tt av menneske samstundes som dei er tolkbare av dataprogram.
Her er et d?me p? eit XML-dokument, ei oppskrift p? eit br?d:
<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?> <Oppskrift name="br?d" forebuingstid="5 minutt" totaltid="3 timer"> <tittel>Vanleg br?d</tittel> <ingrediens mengd="3" eining="kopp">Kveitemj?l</ingrediens> <ingrediens mengd="7" eining="ml">Gj?r</ingrediens> <ingrediens mengd="1.5" eining="kopp">Varmtvatn</ingrediens> <ingrediens mengd="1" eining="teskje">Salt</ingrediens> <Framgangsmaate> <trinn>Bland alle ingrediensane og kna grundig.</trinn> <trinn>Dekk over med eit klede og sett til heving i eit varmt rom.</trinn> <trinn>Kna p? nytt, legg i ei form, og steik ved 200 grader Celsius i 1 time.</trinn> </Framgangsmaate> </Oppskrift>
Elementnamna kan brukast for alle moglege matoppskrifter, medan det aktuelle innhaldet (instansen) uttrykker éi br?doppskrift.
Ved ? gi logiske namn til element og attributt vert det lettare for andre ? forst? XML-dokumentet utan ? ha lese ei forklaring av formatet f?rst.
Eit XML-dokument som er velforma og i tillegg oppfyller krava i eit tilknytt XML-skjema-dokument eller ein DTD, blir kalla gyldig (engelsk: valid). Slike valideringsdokument for XML blir p? norsk kalla XML-skjema (eng. XML schema; liten s).
Sj? òg
[endre | endre wikiteksten]- Abstract syntax tree (AST)
- CSS, XSL
- DocBook
- Dokumenttypedefinisjon, XML-skjema, DSDL, Relax NG
- DOM, SAX
- Enamel (NML)
- RSS, Atom, OPML, OML
- Keyhole Markup Language, KML
- S-expression, XML query language
- SGML, HTML, XHTML
- SVG, MathML, CML, SMIL, FpML, XBRL
- The Z Format
- UIML, XUL, XBL, XAML
- Web Service, SOAP, ebXML, UDDI, WSDL, WSFL
- XRI, XDI
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- XML-spesifikasjon
- Skylde standardar
- Progamvare
- Utviklarressursar
- XeML.net Arkivert 2025-08-04 ved Wayback Machine.
- The XML FAQ
- xml.com
- Cafe con Leche - XML-nyhende og ressursar
- XML Cover Pages
- XML On Target Arkivert 2025-08-04 ved Wayback Machine. - popul?r XML-weblog
- IBMs developerworks XML nettsted
- XMLHack – ein ny nettstad for XML-utviklarar
- XML-L Epost-liste
- XMLPatterns.com - Utvikle effektive DTD-ar og XML Schema-dokument med XML ved ? bruke strukturelle designm?nster.
- Xml Sucks – problem med XML
- XML: A Language To Manage the World Wide Web Arkivert 2025-08-04 ved Wayback Machine.
- XML Linking: State of the Art
- Markup of XML contents Arkivert 2025-08-04 ved Wayback Machine. - et XSLT-verkt?y som nyttar eksterne ordlister for ? lage semantisk markering
- XML-DEV Mailing List Arkivert 2025-08-04 ved Wayback Machine.